Natursp?rsm?l

15 millionar kroner til Aker Verdal si vindsatsing

Innovasjon Noreg har l?yvd 15 millionar kroner til Aker Verdal si vindsatsing. Med dette f?r vindsatsinga i Verdal eit ytterlegare l?ft. Innovasjon Noreg har no satsa 45 millionar kroner p? vind i Nord-Tr?ndelag.
– Denne l?yvinga viser at Innovasjon Noreg og fylkeskommunen er viktige medspelarar i h?ve til ? utvikle verksemder for framtida. Spesielt spennande er at dette skjer innanfor ein sektor som vil bli sv?rt viktig framover. Eg trur ogs? at denne l?yvinga er med p? ? skape stor optimisme b?de hj? Aker Verdal og i lokalsamfunnet rundt, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

-L?yvinga er viktig for vidareutviklinga av vindklynga i Verdal. Vindkraftproduksjon med tilh?yrande leverand?rindustri har eit stort potensial i Verdal og elles i Noreg. Satsinga bidreg til arbeidsplassar og vil kunne f? positive ringverknader regionalt. I Tyskland er over 70 000 tilsette i vindkraftindustrien, og i Sverige er over 20 000 i bransjen, seier statsr?d Navarsete.
Aker Verdal dreg andre bedrifter med seg inn i utviklinga av denne h?gteknologiske industrien. L?yvingane til Aker Verdal g?r til fire forskjellige prosjekt, som legg grunnlaget for ein langsiktig industriell produksjon av understell til feltet Nordsee Ost utanfor kysten av Tyskland. Vindsatsinga krev at verksemda m? fornye produksjonsprosessane sine for leveransar til olje og gassindustrien og investere store bel?p i bygg og anleggsutrusting p? Verdal.
Det ligg an til store investeringar innan vindenergi i ?ra som kjem, s?rleg i Storbritannia og Tyskland. Desse landa har etablert offentlege st?tteordingar, som gjer at slike utbyggingar er kommersielt interessante. Aker Verdal kan vere i stand til ? levere 50 til 100 understell i ?ret. Det tilsvarar cirka 20 prosent av marknaden.

– Om kort tid vil vi f? eit nytt og betre system for st?tte til fornybar energi. I 2012 innf?rer vi gr?ne sertifikat, og d? vil utbygginga av vindkraft for alvor starte, seier Navarsete. D? er det viktig at ogs? leverand?rindustrien er klar til ? kunne levere naudsynt utstyr og kompetanse.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.0000

Similar Posts