Klimasp?rsm?l

Eltek Valere inntar klimatoppm?tet i K?benhavn

– Kommunane m? byggje meir energieffektive bygg og kutte energiforbruket i eksisterande bygg. Dei m? satse p? gr?nare transport, innkj?p og forbruk, sa kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete p? Fagforbundets landsm?te fredag.
Statsr?den poengterte at kommunane er viktige akt?rar i arbeidet for eit betre klima. I ein klimaanalyse fr? SFT heiter det at av dei 15 -17 millionar tonn klimagassar Noreg skal kutte innan 2020, kan halvparten takast ved hjelp av kommunale verkemiddel.
– Kommunane m? ta ei leiarrolle i lokalsamfunnet og vere gr?ne lokomotiv i klimakampen. B?de innbyggjarar, organisasjonar og n?ringsliv er avhengige av at kommunane er p?drivar og medspelar i klimakampen, sa Navarsete.
Ho har klare forventingar til at kommunane sj?lv tek tak for ? redusere klimagassutsleppa, óg utan statlege p?legg eller statleg finansiering av tiltaka.
– Regjeringa har verkemiddel som kan hjelpe kommunane til ? bli meir milj?vennlege. Det finst gode ordningar i Husbanken. Dessutan har Enova 1,8 milliardar kroner til disposisjon neste ?r. No gjeld det ? kome i gang, sa statsr?den.
– Langt i fr? alle kommunar har p? plass klima- og energiplanar. Det skal dei ha innan 1. juli 2010. Heldigvis veit eg at b?de kommunane og kommunalt tilsette er opptekne av ? finne gode l?ysingar for eit betre klima. Mange kommunar jobbar godt med dette allereie, sa Navarsete.
Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.0000

Similar Posts