Milj?politikk

Ikkje l?yve til opprusting og utviding av Palmafossen kraftverk

NVE seier nei til opprusting og utviding av Palmafossen kraftverk i Voss kommune i Hordaland. NVE meiner at skadane og ulempene for dei ?lmenne interessene er st?rre enn fordelane ved ei utviding av kraftverket.
Voss Energi AS har s?kt NVE om l?yve til ? ruste opp og utvide Palmafossen kraftverk i Raundalselva i Voss kommune i Hordaland. Dei planla ? auke i slukeevna i kraftverket fr? 3 m3 /s til 30 m3 /s og installert effekt fr? 310 kW til 3,6 MW. ?rleg produksjon ville d? auke med ca. 14,5 GWh, noko som svarar til straumbruken til omlag 725 husstandar.
Vossovassdraget er b?de eit nasjonalt laksevassdrag og eit verna vassdrag. Vossolaksen er ein truga storlaksstamme som det er sett inn store ressursar p? ? redde. Oppstraums Palmafossen er det 7-8 km egna gytestrekning, og det er i dei seinare ?ra registrert naturleg rekruttering av laks oppstraums fossen, noko som tyder p? at laksetrappa verkar. Det vert ?g sett ut ein del fisk fr? Voss klekkeri. Elvestrekninga oppstraums Palmafossen kan difor verte viktig i arbeidet med ? byggje opp igjen laksestammen i Vosso.
Tiltaket vil medf?re sterkt redusert vassf?ring og endra straumforhold i og ved Palmafossen. NVE meiner tiltaket vil gje betydelege negative verknader for fisk. Landskap knytt til fossen vil ?g kunne verte noko p?verka. Vi kan ikkje sj? at avb?tande tiltak vil redusere skadeverknadene for ?lmenne interesser, s?rleg laks, til eit niv? som etter v?rt syn vil vere akseptabelt.
NVE meiner at tiltaket vil gjere forholda i vassdraget milj?messig d?rlegare og det strid difor mot vassdragsvernet. Tiltaket vil ?g vere i konflikt med gjeldande beskyttelsesregime for laks i nasjonale laksevassdrag. Skadane og ulempene som vert p?f?rt dei ?lmenne interessene er st?rre enn fordelane ved opprusting og utviding av kraftverket. Krava i vassressurslova er difor ikkje oppfylt. Grunna dette er s?knaden avsl?tt.
Les meir om Palmafossen kraftverk
Kontaktpersonar:

Avdelingsingeni?r Kirsten Marthinsen, tlf 22 95 92 34
Seksjonssjef ?ystein Grundt, tlf. 22 95 93 89, mobil 901 98 2160000

Similar Posts