Milj?politikk

L?yve til fire sm?kraftverk i Gulen kommune

NVE har handsama fire s?knader om bygging av kraftverk i Gulen kommune, Sogn og Fjordane. Vi gjev l?yve til ? bygge desse kraftverka som samla vil gje ein ?rleg fornybar produksjon p? om lag 43 GWh. Dette tilsvarar straumbruken til omlag 2150 husstandar.
Sm?kraft AS f?r l?yve til ? bygge Kvernhuselva, Duvedalen, Storelva og Engesetelva kraftverk. Kraftverka vil f? ein total installasjon p? rundt 14 MW og gje ein ?rleg fornybar produksjon p? om lag 43 GWh.
Alle kraftverka ligg innafor ein radius p? 6 km, og NVE har difor valt ? sj? desse i samanheng og gjort ei heilskapleg vurdering av verknadene.
Ei realisering av alle prosjekta vil f?re til at fire elvestrekningar i indre Gulen f?r sterkt redusert vassf?ring. Konfliktgraden har vore h?gast p? fagomr?da landskap, friluftsliv og sumverknader knytta til desse tema.
Med krav om avb?tande tiltak for kraftverka meiner NVE likevel at konflikten vert redusert til eit akseptabelt niv?. D?me p? avb?tande tiltak er vassveg i tunnel for Kvernhuselva, ikkje l?yve til overf?ring av Tj?rnbekken til Duvedalselva og ein trasé som i liten grad kjem i konflikt med ein gamal st?lsveg ved Engesetelva. I Storelva er kraftverket trekke oppstraums sj?auref?rande strekning. NVE meiner det m? sleppast ei heil?rleg minstevassf?ring p? alle utbyggingsstrekningane. NVE legg stor vekt p? at kraftverka kan gje auka verdiskaping og positive ringverknader i lokalsamfunnet i tillegg til eit monaleg bidrag til ny fornybar energiproduksjon.
Les meir om:
Engesetelva
Kvernhuselva
Duvedalen
Storelva
Kontaktpersonar:

Kvernhuselva og Engetelva;
Avdelingsingeni?r Kirsten Marthinsen, tlf 22 95 92 34
Seksjonssjef ?ystein Grundt, tlf. 22 95 93 89, mobil 901 98 216

Duvedalen og Storelva:
Avdelingsingeni?r Ellen F. Andersen, tlf 22 95 93 71
Seksjonssjef ?ystein Grundt, tlf. 22 95 93 89, mobil 901 98 2160000

Similar Posts