Milj?politikk

Nasjonalparkstyre for nasjonalparker i Nord-Tr?ndelag oppnevnt i dag

Dette er eit ledd i innf?ringa av den nye forvaltningsmodellen for verneomr?de. Kommunane og fylkeskommunen f?r gjennom deltaking i nasjonalparkstyret ansvaret for ? forvalte store nasjonale verdiar.
Det er s?rs gledeleg at Balestrand, F?rde, Gloppen, J?lster, Luster, Sogndal og Stryn kommunar saman med Sogn og Fjordane fylkeskommune vil ta ansvar med ? ivareta dei unike naturverdiane i Jostedalsbreen nasjonalpark. Nasjonalparkstyret f?r eit stort ansvar p? vegne av heile nasjonen for ? forvalte viktige nasjonale og internasjonale naturverdiar, seier milj?- og utviklingsminister Erik Solheim.
Oppnemning av nasjonalparkstyret skjer etter at milj?- og utviklingsministeren i desember 2009 inviterte alle kommunar med nasjonalparkar og andre store verneomr?de til ? delta i forvaltninga av verneomr?da innanfor sine grenser.
Nasjonalparkstyret for Jostedalsbreen nasjonalpark vil best? av, Einar M?lsnes fr? Balestrand kommune, Nils Gjerland fr? F?rde kommune, Anders Ryssdal fr? Gloppen kommune, Gerd Dvergsdal fr? J?lster kommune, Torodd Urnes fr? Luster kommune, Eline Orheim fr? Sogndal kommune, Nils P. St?yra fr? Sogndal kommune og Gunnvor A. Sunde fr? Sogn og Fjordane fylkeskommune.
Nasjonalparkstyret skal gjere vedtak og gjennomf?re tiltak innafor ramma av verneforskriftene slik at naturverdiane i nasjonalparken vert sikra for komande generasjonar.

Innf?ringa av denne nye forvaltningsmodellen for verneomr?da skjer p? bakgrunn av regjeringa sitt framlegg i Milj?verndepartementet sin budsjettproposisjon for 2010 (Prop. 1 S (2009-2010)). Stortinget har slutta seg til dette. Tilsvarande styrer for nasjonalparkar og andre store verneomr?de elles i landet, vert oppnemnd fortl?pande.0000

Similar Posts