Nytt verneomr?destyre for Naustdal-Gjengedal

Milj?verndepartementet oppnemner i dag verneomr?destyre som skal forvalte Naustdal-Gjengedal landskapsvernomr?de.
Dette er eit ledd i innf?ringa av den nye forvaltningsmodellen for verneomr?de. Kommunane og fylkeskommunen f?r gjennom deltaking i verneomr?destyret ansvaret for ? forvalte store nasjonale verdiar.
– Det er s?rs gledeleg at F?rde, Gloppen, J?lster og Naustdal kommunar saman med Sogn og Fjordane fylkeskommune vil ta ansvar med ? ivareta dei unike naturverdiane i Naustdal-Gjengedal landskapsvernomr?de. Verneomr?destyret f?r eit stort ansvar p? vegne av heile nasjonen for ? forvalte viktige nasjonale og internasjonale naturverdiar, seier milj?- og utviklingsminister Erik Solheim.
Oppnemning av verneomr?destyret skjer etter at milj?- og utviklingsministeren i desember 2009 inviterte alle kommunar med nasjonalparkar og andre store verneomr?de til ? delta i forvaltninga av verneomr?da innanfor sine grenser.
Verneomr?destyret for Naustdal-Gjengedal landskapsvernomr?de vil best? av: Nils Gjerland fr? F?rde kommune, Anders Ryssdal fr? Gloppen kommune, Gerd Dvergsdal fr? J?lster kommune, H?kon Myrvang fr? Naustdal kommune og Jorunn Eide Kirketeig fr? Sogn og Fjordane fylkeskommune.
Verneomr?destyret skal gjere vedtak og gjennomf?re tiltak innanfor ramma av naturmangfaldlova og verneforskriftene slik at naturverdiane i landskapsvernomr?det vert sikra for komande generasjonar.
Innf?ringa av denne nye forvaltningsmodellen for verneomr?da skjer p? bakgrunn av regjeringa sitt framlegg i Milj?verndepartementet sin budsjettproposisjon for 2010 (Prop. 1 S (2009-2010)). Stortinget har slutta seg til dette. Tilsvarande styrer for nasjonalparkar og andre store verneomr?de elles i landet, vert oppnemnd fortl?pande.0000

Authors

Related posts

Top