Milj?politikk

Tilr?r l?yve til St?len kraftverk

NVE r?r Olje- og energidepartementet (OED) til ? gje Knaben Kraft AS l?yve til ? byggje St?len kraftverk i elva Knabe?na i Kvinesdal kommune i Vest-Agder. Kraftverket er planlagt med ei installert effekt p? 1,9 MW og vil med dei fastsette vilk?ra gje ein ?rleg fornybar produksjon p? 8,8 GWh. Dette tilsvarar straumbruken til omlag 440 husstandar.
NVE anbefaler samstundes at Knaben Kraft f?r l?yve til ? regulere Finndalsvatnet mellom kote 753 og kote 760 og Bergetj?rn mellom kote 819 og kote 820 med overf?ring av Bergetj?rnfeltet til Finndalsvatnet.
Utbygginga vil utnytte ei fallh?gde p? 156 meter og endre naturleg vassf?ring p? ei omlag 1550 meter lang elvestrekning. Vatnet skal f?rast i nedgravne r?yr dei fyrste 500 metrane, mens resten av vassvegen ca. 600 meter ned mot kraftverket skal f?rast i tunnel. NVE meiner at med tilstrekkeleg minstevassf?ring heile ?ret, sommarvasstand p? kote 758 i Finndalsvatnet og god planlegging og oppf?lging av anlegget vil skadeverknadane for landskap og milj? vere akseptable.
Etter NVE si vurdering kan dei mange planlagde sm?kraftverka i Kvinesdal f?re til negative sumverknader for mellom anna biologisk mangfald, landskap og friluftsliv. NVE meiner at bygging av St?len kraftverk ikkje vil ha verknader som strekkjer seg utover dei allmenne interessene knytt direkte til den aktuelle strekninga av vassdraget.
Det er OED som skal fatte den endelege avgjerda for s?knaden.
Les meir om l?yve til St?len kraftverk
Kontaktpersonar
Seksjonssjef ?ystein Grundt, tlf. 22 95 93 89, mobil 901 98 216.
Overingeni?r Hallgeir Aarbakk, tlf. 22 95 98 63.0000

Similar Posts